Termposten 1/2022
Sommarutgåva av Termposten kjem frå Bergen!
I dette nummeret er staben ved Termportalen ved Språksamlingane, Universitetet i Bergen, gjesteredaktørar. Dermed er utgåva farga av korleis terminologiarbeidet ser ut med vestlandske briller. Du kan mellom anna lese om termgrupper i universitets- og høgskulesektoren, om den finske termbanken TEPA og om termen strømkompensasjon.
I portrettintervjuet møter du Marita Kristiansen, som er terminolog ved Termportalen og leiar for «terminologifagrådet» til Språkrådet.
Men aller først tillèt me oss å gje ein kort presentasjon av arbeidet med Termportalen, som har starta opp sidan sist.
God lesing, og god sommar!